Arbeidstid

Innhald:

Det blei inngått særavtale for undervisningspersonalet i folkehøgskolen 8. januar 2015. Avtalen gjeld frå 1. januar 2015 til 31. desember 2017 og videre for 1 år av gangen hvis den ikkje vert sagt opp skriftleg av ein av partane med 3 månaders varsel.
Særavtale for undervisningspersonalet i folkehøgskolen 2015-2017

Dette er ein sentral avtale som føreset at det blir inngått ein lokal avtale på kvar skole. Dei lokale partane kan avtale anna fordeling av elementa i arbeidstidsavtalen.
Tariffinfo om særavtalen 1. juli 2013

Årsverket

Dei samla arbeidsoppgåvene for undervisningspersonalet i folkehøgskolen skal løysast innan ei ramme på 1687,5 timar (1650 t for lærarar over 60 år).

33 veker av arbeidsåret er samanfallande med elevane sitt skuleår. Innanfor denne ramma kan 5 dg per skuleår bli brukt til planlegging og kompetanseutvikling, på skulen eller distriktsvis (til planleggingsdagar og distriktsmøte slik det har vore praktisert før). Det er avsett 8 dg (60 timar) av årsramma til evaluering, planlegging og kompetanseutvikling. Desse vert lagd utanom elevane sitt skuleår.

Årsverket i dagar og veker

Kursdagar

190 dg

1 veke til planlegging og distriktsmøte

5 dg

Netto undervisningsdagar

185 dg

Netto undervisningsveker (185/6)Samanfallande med elevane

30,8 veker

 

Evaluering, planlegging, kompetanseheving

8 dagar = 1,6 veker

Undervisningsår for lærarar

(32,4 veker) 33 veker

Årsverket i timar (lærar under 55 år)
For elevane blir undervisningsåret gjennomført på 185 dagar, dvs. 30,8 veker (185/6).

Arbeidsplanfesta tid

Sjølvstendig tid Sum

1280

407,5 1687,5
Undervisning637 timar á 45 minutt / 478 timar á 60 minutt Sosialped. oppg, anna arbeid med elevane, samarbeid kollega, føre- og etterarbeid, fagleg-administrative oppg. og andre planlagde aktivitetar Føre- og etterarbeid og fagleg ajourføring

Kommentar:

Den første særavtalen mellom lærarorganisasjonane og HSH (Virke) blei inngått i 2007, og avtale med KS for dei fylkeseigde skulane i 2008. Partane var einige om å bygge avtalen opp etter same mal som særavtalen for skuleverket forøvrig (KS-området) frå 2006, med enkelte tilpassingar for folkehøgskolen sin eigenart.

I desse første avtalene var det underforstått at definisjonen av ein undervisningstime var vidareført frå dei tidligare avtalane med staten:

Lærernes undervisningsplikt er 45 minutter av en arbeidsenhet på 60 minutter inklusive pausetid for elever og lærere. Rektor kan organisere skoledagen i undervisningsblokker av ulik lengde. En slik organisering må ta hensyn til behovet for pausetid. Pausetiden skal også dekke behovet for praktisk tilrettelegging før og opprydding etter undervisningen.
Merknad: Arbeidsgiver avgjør, etter drøftinger, hvilke oppgaver som skal løses innenfor den undervisningsfrie delen av arbeidsenheten, etter at behovet for pausetid er dekket.

Seinare er denne forståinga innarbeidd i avtaletekstene ved at ein no oppgir omfanget av undervisningsdelen av årsverket med både 60 minutt og 45 minutt som eining. I KS-avtalen for folkehøgskolane frå 2012 står det difor slik:

«Lærerne får avsatt tid til undervisning, sosialpedagogiske oppgaver, annet arbeid med elever, kollegialt samarbeid, for- og etterarbeid, faglig administrative oppgaver og andre planlagte aktiviteter med 1280 timer. Av dette er 478/637 * timer undervisning.»
*) Årlig undervisningstid angitt i 60/45 minutters enheter.

Denne presiseringa er også innarbeidd i KS-avtalen for grunn- og vidaregåande skule og i avtalen for dei same skuleslaga på Virkeområdet (i 2010). Ved revisjon av særavtalen for folkehøgskulane med Virke i 2011, blei det ikkje gjort ei tilsvarande presisering. Men partane bekrefta for kvarandre at ein ikkje ønskte realitetsendringar i omfanget av undervisningstida.
I ein protokoll frå 17. januar 2013 slår imidlertid partane fast at årsramma for undervisning er å forstå som 637 ganger 45 minutter.

«Pausetid for elever og lærere» og «behov for praktisk tilrettelegging før og opprydding etter undervisningen» skal framleis dekkast innafor den arbeidsplanfesta tida (1280 timar).

Lokalt kan ein avtale:

  1. å følgje sentral avtale
  2. ei anna fordeling mellom undervisning og andre oppgåver under arbeidsplanfesta tid

Arbeidsåret
Arbeidsåret for lærarar er på 35 veker (34,6) med 33 veker samanfallande med elevane sitt skoleår og 1,6 veker til felles planlegging/evaluering, kompetanseutvikling m.v.

Dei lokale partane (tillitsvalde og rektor) avtalar sjølve kva som skal leggast inn i arbeidsåret, jf 3.2 i Arbeidstidsavtalen:

  • tal veker arbeidstida skal fordelast på utover 33 veker, men innanfor årsramma på 1687,5
  • korleis arbeidstida skal plasserast innanfor denne tida
  • fordeling av tid til undervisning, sosialpedagogiske oppgåver, anna arbeid med elevane m.m.
  • kva prinsipp som skal leggast til grunn for fordeling av arbeidsoppgåvene/ansvar til enkelte lærarar
  • tid til utføring av funksjonar
  • seniorpolitiske tiltak og korleis dei skal praktiserast
  • eventuell avvik frå sentrale fastsette reglar som utløyser overtid

Planleggingsdagar og distriktsmøte

Inntil 5 dagar per skuleår kan disponerast til planlegging og kompetanseutvikling, på skulen eller distriktsvis. Dette er ei vidareføring av praksis med tid til distriktsmøte og planleggingsdagar gjennom året (190 dg – 5 dg) . Denne ressursen har vanlegvis vore teken av undervisningstimetalet. Den kan også leggast inn i andre oppgåver innanfor ramma på 1280 timar planfesta arbeidstid. Eller som ein kombinasjon av desse to. Dette skal avtalast lokalt.

Seniortiltak

Lærarar har rett til å få redusert årsramma for undervisning med inntil 5,8 % og 12,5 % frå starten av skuleåret det kalenderåret dei fyller 55 og 60 år.

Reduksjonen er å forstå som omfordeling av arbeidsoppgåvene innanfor det ordinære årsverket. Den reduserte undervisningstida skal nyttast til pedagogisk arbeid, og skal vere med å lette arbeidssituasjonen for den einskilde.

Organisasjonane forstår avtalen slik at den reduserte tida normalt skal tilfalle den sjølvstendige tida. Vi har erfaring med at slik har det vore praktisert fleire stader i skuleverket. Hovudmålet er å lette arbeidssituasjonen.

NB: I tillegg skal arbeidstakar over 60 år ha 1 veke lengre ferie. Dette fylgjer av Ferielova. Kor tid i skuleåret denne skal takast ut, skal avtalast med arbeidsgjevar. Årsverket blir då på 1650,5 t (sjå eksempel over).

Frå regelverket:
Feriefritida er i ferielova er for lærarar definert til 4 veker og 1 dag (25 virkedagar) per ferieår. Resten av den 5. ferieveka er avtalefesta. Arbeidstakarar som fyller 60 år i ferieåret, får ei veke (6 virkedagar) ekstra ferie, jf. ferielova. Vert ekstraferien delt, kan arbeidstakar berre krevje å få fri så mange arbeidsdagar som vedkommande normalt har i ei veke. (”virkedagar” i ferieloven inkluderer laurdag.)

Kontaktlærar- og hovudlærarressursar

Kontaktlærarressursen er gitt til administrative oppgåver for klasselærar, t.d. fråværsføring og oppfølging av dette, informasjon og fordeling av arbeidsoppgåver som klassen har i skolesamfunnet m.m.

Hovudlærar har det pedagogiske ansvaret for ei linje / ein klasse eller eit fagområde. Det inneber ansvar for det faglege innhaldet, utvikling av linja / fagområdet og samarbeid mellom lærarar som underviser der.

Kontaktlærar- og hovudlærarressursen utgjer kvar 0,15 % av ei stilling per tilskottselev. Avtalen har vore rekna av undervisningsdelen. Kva timetal for undervisning som blir avtalt lokalt, kan variere. Rekna ut frå den sentrale avtalen vil denne ressursen på ein skule for 90 elevar utgjer dette:

637 t x 0,15 % x 90 = 86 t

Skolen har då 172 undervisningstimar (172 t i 30,8 veker) av årsramma til rådvelde for desse oppgåvene. Det skal avtalast lokalt korleis denne ressursen skal brukast og kven den skal fordelast på.

Foredragstimar
Inntil 4 foredragstimar per lærar per veke kan reknast som 2,5 undervisningstimar per foredragstime. Det har vore ei felles forståing at læraren då har heile eller størstedelen av elevflokken samla i fellestime.

Undervisningstid kan omgjerast til andre oppgåver

Jamfør pkt 5 i Arbeidstidsavtalen. Dersom ein gjer om undervisningstid til andre oppgåver, vil den arbeidsplanfesta tida auke med 0,6 t per undervisningstime.

Planfesta oppgåver, utanom undervisning.

Kva arbeidsoppgåver utanom undervisninga som skal løysast innanfor ramma for planfesta arbeidstid, skal avtalast mellom dei lokale partane. Lærarane sitt arbeid utover undervisning består i sosialpedagogiske oppgåver, andre oppgåver saman med elevane, kollegialt samarbeid, individuelt arbeid, kompetanseutvikling og samarbeid med instansar utanfor skulen. Jf pkt 2 i avtalen.

Skoleleiing

Jamfør pkt 8 i Arbeidstidsavtalen.

Årsverk for rektor og inspektør
Rektor, assisterende rektor og inspektør har eit netto årsverk på 1687,5 t. Arbeidsåret vert forlenga ut over 35 veker i forhold til administrasjonsdelen av årsverket. (30 % administrasjon gir 3 veker forlenging, 50 % administrasjon gir 50 % osv) Jfr. Særavtale for undervisningspersonalet i folkehøgskolen pkt. 8.1. Sjå også Handboka kap 7.5.

Tabell ferie for rektor og inspektør

Ledelsesressurs

Ledelsesressurs fastsettes av skolens styre. I utgangspunktet videreføres ledelsesressursen skoleåret 2014/2015 som et minimum. Ved nye skoler eller ved større endringer i elevtall/undervisningsomfang eller andre vesentlige driftsmessige forhold, fastsettes ledelsesressursen med utgangspunkt i sammenliknbare skoler.

Ved fastsetting av ledelsesressursen, bør det tas hensyn til lokal styringsstruktur og delegering, og videre det behovet for styrking av pedagogisk og administrativ ledelse som følger av et mer rammepreget avtaleverk samt lov og forskrifter for folkehøgskolen.

Stillingsprosent

Prosent ut frå årsramme
For delstillingar vil det vere naturleg å rekne stillingsprosenten ut frå arbeidsplanfesta tid + sjølvstendig tid i forhold til 1687,5 t. Då vil ein lettare fange opp lokal tilpassing med ulik leseplikt og fordeling av sosialpedagogiske oppgåver.

Eksempel 1, med fordeling etter den sentrale avtalen for 1/3 st:
212,3 årstimar undervisning
214,3 årstimar for andre arbeidsplanfesta oppgåver
135,8 årstimar sjølvstendig tid (407,5/637,5 x 212,3 = 135,8)
562,4 årstimar totalt

Stilling (562,4/1687,5 x 100) 33,3 %

Eksempel 2, med fleire timar med sosialpedagogiske oppgåver enn den sentrale fordelinga:
212,3 årstimar undervisning
310 årstimar for andre arbeidsplanfesta oppgåver
135,8 årstimar sjølvstendig tid (407,5/637×212,3 = 135,8)
658,1 årstimar totalt

Stilling (658,1/1687,5 x 100) 39 %