Løn – pedagogisk personale

Innhald:

Aktuelle lenker:
Særavtale for undervisningspersonalet i folkehøgskolen 2018-2020
Landsoverenskomst for utdanning 2018 – 2020
Hovedtariffavtale KS 2018-2020
Særavtale for undervisningspersonale i kommunale og fylkeskommunale folkehøgskoler

Hovedavtale 2018-2021

Hovedoppgjøret 2018

Protokollen fra hovedoppgjøret 2018 kommer senere.

Sentrale lønnstillegg pr. 1. mai 2018
Garantilønn og lønnstillegg for ansiennitet pr. 1. mai 2018

Stillingsgrupper og lønsregulativ

Lønstabellen i Virke- og KS-området byggjer på eit minstelønssystem etter 0, 2, 4, 6, 8, 10 og 16 års ansiennitet med 5 stillingsgrupper: lærar, adjunkt, adjunkt med tilleggsutdanning, lektor og lektor med tilleggsutdanning.

I tillegg kjem lærar utan godkjend utdanning. Personlege tillegg og funksjonstillegg blir lagt til minstelønsplasseringa.(Se Virke Landsoverenskomst kap 4 og KS Hovedtariffavtalen kap 4) er løn før pensjonstrekk.

Lærar utan godkjent utdanning vert innplassert i stillingskode 7960 med minsteløn som fagarbeidar.

Lønsfastsetting og innplassering i stillingskode skjer i samsvar med kompetanselønssystemet basert på normert studietid (studiepoeng/vekttal), jfr. pkt 7.1.2. under. Utdanningsinstitusjonane fastset normert studietid og kan ikkje overprøvast av tilsettingsinnstansen. Innplasseringa føreset full fagleg og pedagogisk utdanning. Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) tel ved innplassering med det tal studiepoeng/vekttal som utdanninga var godkjend for ved avslutta utdanning. Minimumskrav er likevel sett til 30 studiepoeng / 10 vekttal.

Dei som fyller dei faglege krava ved mellombels eller fast stilling på vilkår eller vikarteneste, får minsteløn som om vedkommande har fullført utdanninga si (fagleg og pedagogisk).

Lektor med tilleggsutdanning må ha samla godkjent utdanning frå universitet eller høgskole tilsvarande 6 års normert studietid eller meir.

Bruttoløn er løn før pensjonstrekk. Lønstabellen viser bruttoløn.

Sentrale lønnstillegg pr. 1. mai 2018

Timeløn for undervisning
Timeløn for undervisning blir fra 01.05.08 definert slik:

(Årslønn x 1400 x 100) / (Årsramme x 1687,5 x 112)

Timelønstabel
Denne tabellen gjeld for vikartimar.

Timeløn ordinært arbeid og sosialpedagogiske oppgåver m.m. (arbeidsplanfesta tid utanom undervisning)
Blir løna som ordinært arbeid etter 37,5 t/v:  Årsløn/1950

Administrativt personale

Rektor i private folkehøgskoler – lønsplassering
Folkehøgskulelova fastset at rektor er pedagogisk og administrativt ansvarleg leiar, § 2 e. Om skulen skal ha ein inspektør, prorektor eller andre leiarstillingar, er det styret for kvar einskild skule som avgjer.
Fastsetting av rektor si løn, er styret sitt ansvar.
Kap 3 i Virke-avtalen (Landsoverenskomsten), 3.2.6: Etter drøftingar med de lokale arbeidstakerorganisasjoner kan styret ta den øverste leder, og andre i den øverste leiing som er engasjert i utforming og gjennomføring av virksomhetens personalpolitikk, ut av overenskomstens bestemmelser om fastsetting og regulering av lønn. (lenke til Virke kap 3.2.6 og KS kap 3.4).Styret skal minst en gang per år vurdere lønnsvilkårene for de som er tatt ut. Det er styret sitt ansvar å fastsette rektor si løn og ta ansvar for lønsutviklinga.

Undervisningsinspektør i private folkehøgskolar – lønsplassering
Det er inga stillingsgruppe i lønsregulativet som viser lønsinnplassering for inspektør.

Justeringar av løna skjer i tråd med den generelle lønsutviklinga for skoleverket i sentrale justeringar, og lokale tillegg etter resultatet i lokale forhandlingar.

Sikringsreglar
Det er ikkje avtalt sikringsreglar i den nye tariffavtalen. Organisasjonane meiner det er rimeleg å legge til grunn same prinsippet i tariffavtalen med Virke og KS som i tidlegare avtalar, at rektor og undervisningsinspektør skal lønast høgre enn den løna ein ville hatt i undervisningsstilling etter kompetanse og ansiennitet.

Stedfortreder/konstituering
Einkvar arbeidstakar pliktar å utføre «stedfortrederteneste». Dersom ein blir pålagt å gå inn i ei høgare løna stilling, får ein etter ei veke samanhengande teneste utbetalt denne stillinga si løn frå første dag dersom ein overtek heile arbeids- og ansvarsområde til stillinga. Dersom ein ikkje overtek heile arbeids- og ansvarsområdet til stillinga, kan det etter drøftingar med tillitsvalde avtalast ei passande godtgjering. Jf §13.2 i Landsoverenskomsten for utdanning. og Hovedtariffavtalen i KS, § 13.

Ved konstituering (mellombels tilsetting) i høgare løna stilling, blir det frå første dag utbetalt løn som vedkomande ville fått ved opprykk til stillinga (§ 13.4).  Jf Landsoverenskomst for utdanning, § 13 og  Hovedtariffavtalen i KS, § 13.

Godtgjering for særslikt arbeidstid for inspektør (ulempetillegg)
For skolar med avtale på tariffområde Virke: Undervisningspersonale i heil stilling har ei godtgjering på minst kr. 23 500 (frå 1.1.2015) per år for særskilt arbeidstid. Dei som ikkje er i 100 % undervisningsstilling skal ha forholdsmessig godtgjering. For skolar med avtale på tariffområde KS: Undervisningspersonale i heil stilling har ei godtgjering på minst kr. 24 000 (frå 1.1.2015) per år for særskilt arbeidstid. Dei som ikkje er i 100 % undervisningsstilling skal ha forholdsmessig godtgjering.

Godtgjering for særskilt arbeidstid (ulempetillegg)

Undervisningspersonale i hel stilling gis en godtgjøring på minst kr 26 000,- per år for
særskilt arbeidstid. Undervisningspersonale som ikke er i hel stilling gis forholdsmessig
godtgjøring. Godtgjøringen kommer i tillegg til vedkommendes personlige lønnsfastsetting.
Denne godtgjøringen erstatter utbetalinger etter overenskomstens kap. 1 §§ 5.2, 5.3, 5.4,5.5 og § 4.3.6.
Tillegget er pensjonsgivende.
Med virkning fra 1. januar 2019 økes godtgjøringen til kr 26 500,- per år.
Merknad:
Den særskilte arbeidstiden følger av oppgaver som pålegges undervisningspersonalet ut frafolkehøyskoleloven med forskrifter. Skolene organiserer arbeidet etter turnus- og
vaktordninger.

Tillegget er pensjonsgjevande, jf brev frå Statens Pensjonskasse.

Godtgjering for særskilte oppgåver

Særavtalen for undervisningspersonalet i folkehøgskolen sier følgende om slik godtgjøring:

Undervisningspersonalet som tillegges midlertidige oppgaver utover arbeidsavtale, kan gis lønnstillegg så lenge de har slike oppgaver. Slik godtgjøring kommer i tillegg til den enkeltes personlige lønn.

Skolen avgjør hvilke oppgaver som skal utføres ved skolen og hvem som skal pålegges oppgavene. Godtgjøring for arbeidet skal tilpasses omfanget av arbeidet og om det settes av tid til å utføre oppgaven.

Godtgjøringene fastsettes etter lokale forhandlinger og følger den enkelte arbeidstaker så lenge vedkommende har oppgavene. Ved endring i oppgaver eller skifte av innehaver, forhandles det om eventuelle endringer i godtgjøringen.

Arbeidstøy
Avtaler om bruk av arbeidstøy gjøres lokalt.

Bruk av private musikkinstrument
Dersom private musikkinstrument eller anna privat utstyr må nyttast i undervisninga, skal partane lokalt inngå avtale om dette.

Kveldstillegg for undervisning
Kvelds- og nattillegg, der tidligere bestemmelse om et særskilt tillegg på 25 % for undervisning etter kl. 17.00 i hhv grunnopplæring og voksenopplæring er nå erstattet med det vanlige tillegget på minst 21 kroner pr. time.
For enkelte lærere som har hatt en større del av sitt tilsettingsforhold i slik kveldsundervisning, vil denne endringen kunne ha en utilsiktet stor virkning. Partenes intensjon var å forenkle og samordne bestemmelsene, ikke at enkelte arbeidstakere skulle bli spesielt hardt rammet.
Den kan ikke betales tillegg for ettermiddagsundervisning og overtidsgodtgjøring for samme arbeid.

Timeløn / månadsløn / prosentløn for delstillingar

Timeløn skal brukast for utbetaling av løn for undervisning ved tilsetting for 1 månad eller mindre.
Månadsløn er å forstå som prosentløn av heil stilling. Denne satsen skal brukast ved tilsetting for meir enn 1 månad. I prosentløna ligg også løn for sosialpedagogiske oppgåver tilsvarande lønsprosentdelen. Arbeidstakar i timeløna stilling går over til månadsløn etter meir enn 1 månad samanhengande teneste. B-rundskriv fra KS 5/2006
Det var ei felles forståing mellom NF/NKF og Departementet at alle lærarar, uavhengig av stillingsprosent, i utgangspunktet går inn under same arbeidstidsavtale der sosialpedagogisk oppgåver er ein del av årsverket. Dersom ein lærar ikkje skal ha slike oppgåver, må dette avtalast ved tilsetjinga. Skolen har ansvar for å gi dei tilsette arbeidsoppgåver i høve til stillingsprosenten.

Overtid

Pålagt arbeid utover oppsett arbeidsplan utløyser overtid.
Fast årleg overtid kan avtalast ved at årsramma for leseplikt vert auka. Det vert gitt overtidsbetaling for det talet på timar som årsramma blir auka med. Slike avtalar blir inngått mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar.
Det er ei felles forståing for at langvarig overtidsarbeid bør avgrensast så langt råd er.

Undervisningspersonale i deltidsstilling får overtidsgodtgjering for pålagde vikartimar som overstig leseplikta for heiltidsstilling per veke.

Lærarar kan bli pålagt å utføre overtidsarbeid i form av vikararbeid når tilhøva ligg til rette for det.

Undervisning
For pålagt overtidsarbeid vert utbetalt eit tillegg etter § 6.6 i Landsoverenskomst for undervisning i Virke:

  • 50 %: overtid utover det som er nemnt i A Stillinger uten særskilt krav om utdanning
  • 100 %: mellom kl 21.00 – 06.00 overtidsarbeid på laurdag og søndag
For 50 % tillegg:
(Årsløn x 1400) / (årsramme x 1687,5) * 150 %
Det kan ikkje betalst både overtidstillegg og tillegg for ettermiddagsarbeid for same ytinga.
.
Sosialpedagogiske oppgåver m.m (Arbeidsplanfesta tid utanom undervisninga)Timelønstabell for overtidsgodtgjering for sosialpedagogiske oppgåver m.m. (arbeidsplanfesta tid som ikkje er undervisning), har ein divisor på 1850 (eigen avtale):
For 50 % tillegg:
Årsløn / 1850 * 150%
Jf Landsoverenskomst for utdanning, paragraf 6.5 og Hovedtariffavtalen i KS, pararaf 6.4
.
Skoleleiarar-administrativ overtid
Kompensasjon for møteverksemd m.m.
Arbeidstakarar som har møteplikt i utval eller andre særlege belastningar utanfor ordinær arbeidstid, men som ikkje har rett til overtidsbetaling eller møtegodtgjersle for slikt arbeid, kan ta ut inntil 10 fridagar, jf § 6.4 i Landsoverenskomst for utdanning. Rektor vil komme inn under denne avtalen.

All overtidsgodtgjering skal vere med i feriepengegrunnlaget.

Løn delt årsverk

For lærere i folkehøgskolen som underviser for et kortere tidsrom enn ett år, utbetales så stor del av årslønnen som vedkommende har gjort av sitt årsverk.

Dette er ei spesiell ordning for folkehøgskolen.
Bakgrunnen for ei slik ordning er at lærarar som sluttar i skoleåret eller som er tilsett for ein del av skoleåret, skal ha ei løn som står i forhold til det arbeidet han har utført. Ordninga ivaretek feriegodtgjering og kompensasjon for utførte sosialpedagogiske oppgåver. Ein lærar som sluttar 1. april t.d., vil på det tidspunktet han sluttar ha utført større brøk av årsverket enn tidsrommet 1. august til 1. april gir uttrykk for.
Denne ordninga gjeld ikkje for vikarar som tek tilfeldige vikartimar.

Løn og ferietid

 

Undervisningspersonalet og ferieloven
Ferieloven gjeld for undervisningspersonalet, men med egen tilpassingsavtale.  Jf Landsoverenskomst for utdanning, § 7 og Hovedtariffavtalen i KS.

Legg særlig merke til egne regler for ferielønn for lærer som har første arbeidsår i skoleverket.
Undervisningspersonale utbetales full lønn i ferietiden første yrkesår forutsatt at samlet opptjente feriepenger vil gi lavere utbetaling. Med første yrkesår menes førstegangs tiltredelse i skoleverket etter fullført faglig og pedagogisk utdanning, og forutsatt at vedkommende er ansatt for minst etter år. Bestemmelsen omfatter også tilsatte på vilkår ihht Forskrift til opplæringsloven § 14.5.

Avtalefesta 5. ferieveke
Fra år 2000 er det innført 5 uker ferie (30 virkedagar). 4 uker + 1 dag etter ferieloven pluss 4 dager som er tariffestet, til sammen 5 uker. Undervisningspersonale avvikler hele ferien (5 uker) sammenhengende med avslutning siste virkedag i juli måned, dersom ikke annet er fastsatt etter drøftinger mellom arbeidsgiver og den enkelte arbeidstaker. Jf. Landsoverenskomst for utdanning, § 7.2 og Hovedtariffavtalen i KS, § 7.2.

Undervisningspersonalet får erstatta ferie ved sjukdom frå første arbeidsdag. Sjå § 7.1 i Landsoverenskomst for utdanning i Virke og § 7.1 Hovedtariffavtalen i KS.

Arbeidstakar har rett til feriepengar frå arbeidsgjevar med 12 % av feriepengegrunnlaget.

Arbeidstakarar over 60 år med rett til ekstra ferieveke, skal ha utbetaling etter en høgre prosentsats (14,3%). Desse kan i staden for ei høgre utbetaling/ekstraferie, velje å ta ut retten som ein fast reduksjon i leseplikta per veke. Leseplikta skal i slike tilfelle reduserast med 2,2 % i forhold til heil stilling.

For pedagogisk personale skal det utbetalast full lønn i ferietida første yrkesåret under føresetnad av at samla opptente feriepengar vil gi lågare utbetaling. Med første yrkesåret meinast førstegongs tilsetjing i skuleverket etter fullført fagleg og pedagogisk utdanning, og tilsetjinga gjeld for minst eitt år. Jf § 7.3 i Landsoverenskomst for utdanning i Virke og § 7.3 i Hovedtariffavtalen i KS.

Undervisningspersonale som gjeninntrer i skoleverket hos samme arbeidsgiver etter studiepermisjon med delvis lønn eller uten lønn, får utbetalt full lønn i ferietiden første sommer etter gjeninntreden, dersom opptjente feriepenger hos samme arbeidsgiver gir lavere utbetaling. Jf § 7.3 i Landsoverenskomst for utdanning i Virke og § 7.3 i Hovedtariffavtalen i KS.

Feriepengegrunnlaget
Årslønn, med unntak av lønn i et tidsrom tilsvarande lovbestemt minimumsferie, dannar grunnlag for utrekning av feriepengar.

Feriepengar frå arbeidsgjevar blir berekna på grunnlag av løn som er utbetalt i oppteningsåret. Feriepengegrunnlaget skal gå fram av løns- og trekkoppgåvene for oppteningsåret.

2002 er første året med 5 veker ferie (30 virkedagar). Ei veke er på 6 virkedagar, 1 månad har 26 virkedagar etter ferielova. Ferien er på 30 virkedagar (6 virkedagar x 5 veker) og utgjer dermed 4 virkedagar meir enn 1 månad.

Vi får utbetalt heile feriepengesummen i juni, altså løn for 4 dagar over ein månad (30 – 26). For å sleppe å trekkje løn for 4 dagar i juli, blir det trekt av juniløna, dvs. eit trekk på 4/26 (12 % feriepengar og trekk av 4/26 løn).

Skattetrekk eller trekkfri
Ferieløna er trekkfri, men ikkje skattefri. Vi betalar skatt av heile årsløna, men skatten er fordelt på fullt skattetrekk i 10 månader og ½ skattetrekk på ein månad (desember). Feriemånaden er trekkfri.

Ferie og avspasering for rektor og inspektør
Rektor, assisterande rektor og inspektør har 5 veker ferie, jf pkt 7.7.2 over. Årsverket er på 1687,5 t. Leiarar som har undervisningsplikt som del av stillinga si, har rett på fritid (avspasering) i forhold til undervisningsdelen av stillinga på lik linje med lærarar.

Eks. 35 % administrasjon gir 3,5 veker fritid (avspaseringstid) i tillegg til ferietida. Ein føreset då at det vert arbeidd normalarbeidsdag i den tida det ikkje er undervisning. Jf pt 8.1 i Særavtale for undervisning i folkehøgskolen.

Endring i ferieloven
Det er foretatt endringer i ferieloven som trer i kraft fra 1. januar 2009. Endringene innebærer en strengere plikt til å ta ferie, overføring av ferie begrenses og den ekstra ferieuken for 60 åringer gis alle som fyller 60 år i løpet av året.

Plikt til ferieavvikling
Ved en endring i ferieloven er det sterkere presisert at det er en plikt for arbeidsgiver å sørge for at de ansatte avvikler lovbestemt ferie i løpet av ferieåret. Det er videre tatt inn i bestemmelsen at plikten til å sørge for ferieavvikling også påhviler arbeidstakeren, se lovens § 5 nr.1.

Overføring av ferie
Utgangspunktet er at ferien skal avvikles i løpet av ferieåret. Dersom det likevel ikke er gjort, er adgangen til å avtale overføring av ferie eller avtale forskuddsferie begrenset til to uker.

Det er ikke vedtatt endringer i reglene om overføring av ferie som ikke er avviklet når årsaken til manglende ferieavvikling er sykdom eller permisjoner.

Ekstra ferieuke fra fylte 60
Fra og med 2009 endres bestemmelsen i ferieloven § 5 nr. 2 vedrørende 60-åringers rett til en ekstra ferieuke. Tidligere gjaldt denne retten for de som fyller 60 år før 1. september. Endringen innebærer at retten til ekstra ferie nå skal gjelde alle arbeidstakere fra og med det kalenderåret de fyller 60 år.

Lønsutbetaling og pensjonstrekk (pensjonsinnskot)

Lønsutbetaling: Tidspunktet er den 12. i kvar månad dersom ikkje noko anna er avtalt.
Det kan avtalast lokalt annan utbetalingsdato.

Partane er samde om at løn for juli og opptente feriepengar kan utbetalast samla i juni månad.

Pedagogisk personale tilsett i over 20 % stilling har plikt til å vere medlem i Statens Pensjonskasse.

Pensjonistløn

For pensjonistar som går inn i arbeid for kortare eller lengre tid, er timesatsen kr 207,- pr. faktisk time fom. 1. januar 2019.

For pensjonistar i undervisning: timesats x 1400/årsramma. (Dette omfattar forarbeid og undervisning).

Timesatsane er bindande for alderspensjonistar (67 år og oppover) dersom ein skal unngå reduksjon i pensjonen. Denne ordninga gjeld også for pensjonistar med særaldersgrense.

Frå SPK: «Dersom du inngår en avtale med alderspensjonisten om pensjonistavlønning, skal ikke pensjonen frå SPK reduseres, og du skal ikke rapportere denne inntekten til oss.»

Ordninga med pensjonistløn gjeld ikkje for AFP.

Kjelder: Statens Pensjonskasse SPK (Heimesida til SPK: Bedrift, Alderspensjon og inntekt i offentleg sektor) og Statens Personalhandbok kap 10.12.2.

Trekk i løn

Dette gjeld trekk i løn i samband med uløna, kortvarig, lovleg fråvere.
Trekk i løn følgjer vanlege reglar ut frå storleik på stillinga og tal dagar det gjeld. For kortare fråvær blir det trekt ordinær timeløn innanfor den skoletid/fellestid som ligg i arbeidsplanen for den det gjeld.

Sjukepengegrunnlaget for lærarar
Etter folketrygdlova § 8-17 er det frå 01.01.2000 nye reglar for utrekning av sjukepengegrunnlaget for lærar. Sjå Lov om folketrygd § 8.

Etter dei nye reglane kan arbeidsgjevar krevje refusjon for:

  • utbetalt månadsløn for den som er sjuk i skuleåret
  • sjukepengar utbetalt i avspaseringsperioden, men ikkje i ferien

Lærarar har rett til sjukepengar under den utvida skoleferien, dersom arbeidsuføret oppstod før skoleferien tok til.

Detter tyder at arbeidsgjevar ikkje får refusjon for faktiske utgifter til vikar sidan vi har eit komprimert årsverk i skoleverket, spesielt i folkehøgskolen.

Tidlegare praksis der refusjon vart utbetalt på grunnlag av opptent løn, gjeld ikkje.

Jamfør Ot prp nr 46 til § 8-17 i folketrygdlova.