Pensjon og forsikring

Innhald:

Pensjonsordningar for tilsette i folkehøgskolen

Arbeidsgjevar pliktar no å opprette ei pensjonsordning for sine tilsette sjølv om det ikkje er inngått tariffavtale. Det er ikkje lengre valfritt for arbeidsgjevar å gjere dette.

Etter Landsovereinskomsten for utdanning som gjeld alle tilsette i folkehøgskolar som har medlemskap i Virke, er det ei tariffplikt at det vert oppretta ei pensjonsordning. Denne kan teiknast i Statens Pensjonskasse (SPK), Kommunale Landspensjonskasse (KLP) eller privat forsikringsselskap. (lenke Virke Landsoverenskomst for undervisning Kap 2 og KS HTA Kap 2)

I tariffperioden kan arbeidsgjevar ikkje skifte selskap utan at dette blir drøfta med tillitsvalde. Ei slik ordning kan ikkje gi dårlegare vilkår for dei tilsette.

Forsikring som vert teikna i privat selskap, skal nivået og vilkåra vere tilsvarande som i andre selskap.

Tidlegare avtalar om AFP blir vidareført.

Kva som gjeld i dag

  1. Alle tilsette i folkehøgskolen somarbeider minst 14 timar i veka (35% stilling for lærarar), kan i dag vera medlem i Statens Pensjonskasse.
  2. Alle lærarane som har meir enn 20 % stilling, må vera medlem i SPK. Tilfeldige vikarar som arbeider meir enn 20 % st. i minst 1 månad, skal meldast inn i SP. For periodar som ikkje gir rett til medlemskap, skal desse vikarane ha utbetalt dei 2 % (diff. mellom brutto og netto løn) (SP-rundskriv 16/96)
  3. For dei skulane som er medlem i ein arbeidsgjevarorganisasjon, t.d. Virke, må også IKV-personalet med meir enn 20 % stilling vera med i ei pensjonsordning.
  4. Dei skulane som ikkje er organisert i ein arbeidsgjevarorganisasjon, kan gi alle tilsette som arbeider minst 14 timar i veka (20 % stilling for lærarar) ei pensjonsordning.
  5. For mellombels tilsetjing. Her gjeld reglane for gjennomsnittleg arbeidstid på månads- eller årsbasis når storleik på stillinga er over minstegrensa.
  6. Varierande arbeidstid. Gjennomsnitt for dei månadene som er over minstegrensa utgjer prosentsatsen.

Aktuelle pensjonsordningar

Statens Pensjonskasse – SPK
Alle pedagogisk personale tilsett i over 20 % stilling har automatisk medlemskap i Statens Pensjonskasse (SPK)

Kommunal Landspensjonskasse – KLP
Skulane har høve til å nytta KLP i staden for SPK når det gjeld IKV-personalet.
Skulane må melde IKV-personalet inn som samla gruppe. Det tyder at alle (IKV, over 35 % stilling) må stå i same pensjonskasse (gjeld ikkje vaktmeister som alt er medlem i SPK).

Pensjonsordning gjennom forsikringsselskap
Kan nyttast berre for IKV-personale.
I utgangspunktet er slik ordning likestilt med KLP og SPK.

På eit tidlegare tidspunkt kunne ikkje IKV-personalet vera medlem i SPK. Det var også uklart om dei kunne meldast inn i KLP. Med dette som bakgrunn, valde nokre skular å nytta forsikringsselskap som «pensjonskasse».

Seinare opna KLP for medlemskap.

Frå 1997 tilbyr SPK medlemsskap for alle tilsette i folkehøgskolen (over 20% stilling).

Pensjonsinnskot

  1. For arbeidstakarane vil utgiftene vera like, 2% av brutto løn.
  2. For arbeidsgjevaren (skolen) vil utgiftene variera etter pensjonskasse og tidspunkt.
    Arbeidsgjevarprosenten kan variera noko frå år til år.

SPK: 10-20 % av arbeidstakaren si lønn.

KLP: Vil kunne variere litt frå skule til skule, medrekna tillegg for AFP-ordning. Dei siste åra har den reelle prosenten for arbeidsgjevar med pensjonsavtale i KLP vore høgre grunna ekstrarekning skolane har fått.
For dei skulane som har medlemskap i Virke/KS, må skolen betala ein utlikna del til KLP dersom nokon av dei IKV-tilsette går av med AFP. Dersom skolen ikkje er med i ein arbeidsgjevarorganisasjon, må skolen betala heile ordninga.

«Lov om forsikringsvirksomhet, kap. 8b» gir KLP høve til å krevja midlar frå arbeidsgjevar for tidlegare medlemmer endå om dei no t.d. er overflytta til SPK. Midlane som skulane slik betaler inn i etterkant, skal brukast til regulering av G og til fondsoppbygging i KLP og skal koma arbeidstakaren til gode i pensjonsperioden.

Tilråding for IKV-personale
Økonomiutvalet for Folkehøgskoleforbundet og NKF har arbeidd med pensjonsspørsmål for IKV-personale i folkehøgskolen, og har kome med tilråding til skulane om å ha same pensjonsordning for denne gruppa som for pedagogisk personale.

Alle tilsette med meir enn 14 timar i veka (20% stilling for lærarar) bør meldast inn i Statens Pensjonskasse.

Alle tilsette over 20% stilling bør få ordning med AFP frå fylte 62 år.

Grunngjeving
Statens Pensjonskasse er den einaste pensjonskassa som tar i mot alle medlemmene.
SPK og KLP gir medlemmene same pensjonsrettar på alle hovedpunkt (ved overgang til pensjon).
I dag er SPK-ordninga billegare for arbeidsgjevar enn KLP-ordninga. Dette punktet kan endra seg frå tid til tid. Det er ikkje avgjerande for tilrådinga.

Pensjonsordning for medlemar av SPK og KLP

Aldersgrense/pensjonsalder
Aldersgrense: Det tidspunktet ein må gå av ( 70 år)
Pensjonsalder: Det tidspunktet ein kan gå av (67 år)
Idrettslærarar har aldresgrense 65 år. (Kan gå av med full pensjon ved 62 år).

Avtalefesta pensjon (AFP)frå 62 år: Førtidspensjonering (62-67 år)

AFP – ordninga mellom 62 og 65 år blir administrert via NAV.
Utbetalinga varierer frå person til person, avhengig av opptente pensjonspoeng i høve til folketrygda. Maksimumsgrense 70 % av brutto løn (trygdedel av pensjon + kr 1700 pr. mnd).

AFP – ordning mellom 65 og 67 år. I denne perioden får ein det beste av 66% av bruttoløn (som svarar til pensjon frå 67 år) eller AFP-ordninga før 65 år (som kan koma opp i 70% av brutto løn, men som er individuell, personleg avrekning frå NAV).

For pensjonistar som har arbeidsinntekt etter uttak av AFP, kan ikkje summen av pensjon og inntekt overstige tidlegare pensjonsgjevande inntekt, jfr. HTA 4.2.3. Denne ordninga (avkorting) gjeld berre for arbeidstakar som gjekk over til AFP etter 1. august 2000.

Fribeløpet som ein kan tene utan at AFP blir redusert, er per dato kr. 15 000 (frå 1. januar 2002).

SPK: Deltidstilsette med over 60 % stilling kan etter 1. mai 2000 gå av med AFP, men berre slik at gjenverande stilling blir min. 60 % av heil stilling. Arbeidstakar kan no ta ut AFP frå 99 % til 60 % stilling etter avtale med arbeidsgjevar.

KLP: Du må redusere stillinga med minst 10 prosentenheter for å fylle minstevilkåra for uttak av AFP-pensjon.

Alderspensjon
66% av brutto løn ved avgang eller den løna ein hadde ved 30 årsgrensa dersom den er høgre enn ved avgang.
30 år er full oppteningstid.
Reduksjon dersom ein ikkje har hatt 100% stilling i 30 år.

Dersom ein ikkje er medlem i SPK siste månaden før alderspensjonen tar til å gjelde, vil ein få pensjon etter 40-deler og ikkje 30-deler. Ein må då ha 40 år for å få full pensjon. Det er difor viktig å gå direkte over frå aktiv teneste til pensjonist ved fylte 67 år.
Har ein gått på APF, etter 62 år, gjeld sjølvsagt 30-delsregelen.

Grunnlag for AFP
10 år teneste etter ein har fylt 50 år.
Hatt løna arbeid med inntekt over 1 G (1G = Grunnsummen i folketrygda) dei to siste åra før ein går ut med AFP.
I dei ti beste åra etter 1967 til ein går av, må ein ha hatt ei gjennomsnittleg pensjonsgjevande inntekt på minst 2G.

Andre ytingar frå pensjonskasse
Uførepensjon.
Barnepensjon.
Pensjon til gjenlevande.

Forsikring – gruppeliv og yrkesskade

Pedagogisk personale
Fylgjer avtalen i Landsovereinskomsten for utdanning i Virke § 10 Yting ved dødsfall –(Gruppelivsforsikring) og § Yting ved yrkesskade. (lenke Virke §§ 10 – 11 og KS HTA §§ 10 – 11)

Skulane er pliktige å ha slike avtalar med tilsvarande verdiar som er nemnt i desse paragrafane.

For IKV-personale
Fylgjer avtalen i Landsovereinskomsten for utdanning i Virke § 10 Yting ved dødsfall –(Gruppelivsforsikring) og § 11 Yting ved yrkesskade.

Skulane er pliktige å ha slike avtalar med tilsvarande verdiar som er nemnt i desse paragrafane.

Forsikring – privat

Folkehøgskoleforbundet og NKF har forsikringsavtale gjennom Utdanningsforbundet med Tryg for alle medlemane i folkehøgskolen. Se http://www.utdanningsforbundet.no/Hovedmeny/Medlemsfordeler/Gunstige-forsikringer