Utdanning – ansiennitet

Innhald:

 Løn – pedagogisk personale | NKF

På denne siden blir det gjort greie for ulike reglar som gjeld krav til utdanning (kompetanse), ansiennitet og rettsvilkår. Normalt gjeld dei generelle reglane i avtaleverket for tilsetjing i folkehøgskolen også.
.

Utdanning – kompetanse

All utdanning som etter opplæringslova med forskrifter er godkjent som lærarutdanning, kvalifiserer til tilsetjing i folkehøgskolen. Ved fastsetjing av kompetanse skal regelverket i forskriftene til opplæringslova følgjast.Dersom skolen har spesielle behov som elles ikkje kan oppfølgjast, kan også personar med annan bakgrunn tilsetjast. Rektor har ansvar for fastsetjing av kompetanse og tenestetid.
.
Kvalifikasjonskrav til undervisningspersonalet
Den som tilsettes som lærer i folkehøgskolen må fylle krava til kompetanse for undervisning i grunnskolen eller vidaregåande skole etter opplæringsloven med forskrifter. Ved behov kan tilsetting også skje på grunnlag av kvalifikasjonskrav den enkelte skole stiller. Jfr. §15 i Forskrift til lov om folkehøgskolar av 1. januar 2007.
.
Tradisjonell utdanning
All utdanning som etter opplæringslova med forskrifter er godkjent som lærarutdanning, kvalifiserer til tilsetjing i folkehøgskolen. Ved fastsetjing av kompetanse skal regelverket i Forskrift til opplæringslova følgjast.Dei som ikkje har praktisk-pedagogisk utdanning, men fyller dei faglege krava og har fag som er med i læreplanane, ved mellombels eller fast stilling på vilkår eller vikarteneste, får minsteløn som om vedkommande hadde fullført utdanninga si i sin heilskap. Jfr. Landsoverenskomst for utdanning.
.
Stilling Min norm stud.tid St.poeng/vekttal Merknad
Lærar utan godkjent utdanning Minsteløn som fagarbeidar
Lærar Tilsv 3 år 180 / 60 Utd frå universitet eller høgskule
Adjunkt Tilsv 4 år 240 /80 Utd frå universitet eller høgskule
Adjunkt m/ tilleggsutd. Tilsv 5 år 300 / 100
Lektor Godkjent mastergrad, hovudfag el. vidareutdanning på tilsvarande nivå. Utd frå universitet eller høgskule
Lektor m/tilleggsutdanning Godkjent mastergrad, hovudfag tilsvarande 6 års normert studietid. 360 / 120 Utd frå universitet eller høgskule
Rektor / leiar
Undervisningsinspektør / avd.leiar / fagleiar

Annan pedagogisk bakgrunn
Forskriftene til Opplæringslova, § 14-1, opnar for at det ved tilsetting i ordinære lærarstillingar i skoleverket også kan vurderast søkjarar med annan pedagogisk bakgrunn enn den som er omtala i universitets- og høgskoleloven § 54b. Føresetnaden er at denne andre pedagogiske bakgrunnen kan seiast å tilsvare krava i universitets- og høgskoleloven § 54b. Skoleeigar må i slike tilfelle vurdere om ein søkjar både gjennom annan pedagogisk utdanning og praksis har slik tilsvarande bakgrunn. Departementet meiner at personar som ikkje har alternativ pedagogisk utdanning, men kun pedagogisk praksis, bør kunne vurderast å ha slik tilsvarande pedagogisk kompetanse som nemnt i § 14-1 første ledd, dersom dei har minst 5 års reell undervisningspraksis og dersom skoleeigar samtidig har forsikra seg om at vedkommande har den nødvendige teoretiske pedagogiske innsikta.Jfr. Forskrift til opplæringslova .

Lærar med yrkesfagleg utdanning
Tilsette i undervisningsstilling som har godkjend fagbrev, sveinebrev eller annan yrkesfaglig utdanning i vidaregåande opplæring, 2-års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skole sitt nivå og yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring og pedagogisk kompetanse (praktisk-pedagogisk utdanning) med avlagd eksamen før 01.08.99, innplasserast i stillingskode Lærar. Er pedagogisk kompetanse (praktisk-pedagogisk utdanning) teke etter 01.08.99, innplasserast i stillingskode Adjunkt.

Jfr: Landsoverenskomst for utdanning, vedlegg 1.

Tilsetting på grunnlag av kvalifikasjonskrav den einskilde folkehøgskole stiller
I Forskrift til lov om folkehøgskolar av 1. januar 2007 står følgjande: Ved behov kan tilsetting også skje på grunnlag av kvalifikasjonskrav den enkelte skole stiller. Sjå § 15 i Forskrift til lov om folkehøgskolar av 1. januar 2007. Ved slik tilsetting må skulen fastsette kva lønskategori vedkommande skal knytast til (for eksempel lærar, adjunkt osv.)

Lærar utan godkjent utdanning
Lærar som korkje har godkjend lærarutdanning etter opplæringslova, (jfr. pkt. 5.1.2) eller praktisk pedagogisk utdanning, skal innplasserast med minsteløn som fagarbeidar i lønskategori B i stillingsregulativet. Jfr. Pkt. 4.5.1 i

Landsoverenskomst for utdanning eller Hovedtariffavtalen i KS (for skular på KS-området).

Verknadstidspunkt for utdanninga
Tilfredsstiller en lærer/adjunkt/lektor som har tatt tilleggsutdanning, kravene til å bli innplassert i en ny stillingskode, skal dette skje med virkningstidspunkt fra det tidspunkt vedkommende har gjennomført tilleggsutdanningen. Ved innplassering i ny kode beholdes tjenesteansienniteten og lokale lønnstillegg gitt i tillegg til tidligere minstelønn.

Jfr Vedlegg 1 i Landsoverenskomst for utdanning (Virke)

Ex.phil og ex.fac (examen philosophicum og examen facultatum)

Uttelling i studiepoeng for Ex.phil og Ex.fac er ikkje lenger den same på ulike universitet/høgskolar, men på fleire universitet/høgskolar tel Ex.phil og Ex.fac 10 studiepoeng kvar i kompetanseoppbygging.

Praktisk- pedagogisk utdanning:
Lærar-, adjunkt- og lektorutdanning må omfatte godkjend pedagogisk utdanning som svarar til minst 1/2 års studietid. Praktisk-pedagogisk utdanning, tidlegare pedagogisk seminar, var før eit halvårig studium men er no blitt eittårig.

  • Eit halvårig studium tel som 30 studiepoeng/10 vekttal i gradsoppbygging, t.d. til cand. mag. og som eit halvårig studium ved lønnsfastsetjing.
  • Ei eittårig praktisk-pedagogisk utdanning tel som 1 års normert studium (60 studiepoeng/20 vekttal), og som eit eittårig studium ved lønnsfastsetjing.

Jfr. Forskrift til opplæringslova kap. 14, § 14-3

Ansiennitet

I Landsovereinskomsten for utdanning blir det brukt omgrepet lønsansiennitet om ansiennitet.

Lønsansienniteten gir grunnlag for plassering på dei einskilde stillingskodene i stillingsregulativet.
Lønsansienniteten i folkehøgskolen er jamstelt med Lønsansiennitet frå skoleverket elles.
Regler for fastsetjing av lønsansiennitet finn ein i § 12.1 i Landsoverenskomst for utdanning

Tenestetidsreglar
Hovedregel (§ 12.1 i fellesbestemmelsene i landsoverenskomst for utdanning)

«Lønnsansiennitet fastsettes ved tilsetting etter følgende regler:
Lønnsansiennitet regnes tidligst fra fylte 18 år. Ansiennitetsdatoen fastsettes til den 1. i tilsettingsmåneden på grunnlag av godskrevet lønnsansiennitet.
Omsorgstjeneste godskrives med inntil 3 år. Med omsorgstjeneste menes omsorg for barn eller pleie av eldre eller syke.
Fravær uten lønn i forbindelse med nedkomst, adopsjon og videreutdanning medregnes med inntil 2 år i lønnsansienniteten.
Fagarbeider med avlagt fagprøve får verdiskapningsdelen av læretiden medregnet i lønnsansienniteten.
Verneplikt godskrives i lønnsansienniteten.
Ved omgjøring av stilling som følge av utdanning og/eller endrede arbeidsoppgaver beholdes tidligere fastsatt lønnsansiennitet.
Det gis ikke lønnsansiennitet etter flere bestemmelser for samme tidsrom.»

Godskriving av tjeneste (§ 12.2 i fellesbestemmelsene i landsoverenskomst for utdanning)
«Ved tilsetting i stillingskode med den sentralt fastsatte minstelønn for ufaglærte, godskrives all tidligere privat og offentlig tjeneste i lønnsansienniteten.
Som privat tjeneste regnes også arbeid i hjemmet med inntil 6 år.
Ved tilsetting i annen stilling, godskrives offentlig tjeneste fullt ut.
I tillegg godskrives lønnsansiennitet for tidligere privat tjeneste som er av betydning for stillingen. Dette punktet gjelder også der det har vært avbrudd i tjenesten.
For undervisningspersonale godskrives lønnsansiennitet for privat tjeneste etter fullført faglig og pedagogisk utdanning».

Deltidstilsette:
Tariffavtalen med Virke inneheld ikkje noko punkt om utrekning av ansiennitet for deltidstilsette.

Vi anbefaler den praksisen som gjeld på KS-området:

For tilsettingar før 1. mai 2011 gjeld følgjande: For tidlegare deltidsteneste på 15 % eller meir av full stilling, skal ansiennitet godskrivast fullt ut. For tidlegare deltidsteneste i mindre enn 15 %, der ansiennitet er fastsett i forhold til stillingsprosent, skal ansiennitet godskrivast med 25 %.

Med verknad frå 1. mai 2011 skal tidlegare deltidsteneste godskrivast fullt ved lønsfastsetting etter tilsetting, – uavhengig av i kor lav stillingsbrøk den tidlegare deltidstilsette har arbeidd.

Tilpassing for undervisningspersonalet:
Følgjande permisjonar bryt ikkje av opptening av lønsansiennitet:

  • Permisjon ved oppdrag i tenestemannsorganisasjon og for å utføre offentlige verv
  • Permisjon utan løn ved militærteneste, sivilforsvarsteneste, polititeneste og sivilteneste
  • Permisjon utan løn for omsorgsarbeid
  • Permisjon utan løn for å utdanne seg vidare for undervisningsføremål med inntil 3 år

Rettsvilkår

Basis for dei rettsvilkåra som gjeld pedagogisk personale er fastsett i Arbeidsmiljølova. Denne lova har reglar som gjeld dei fleste sidene ved eit tilsettingsforhold.

Tilsetting / oppseiing
Vi har følgjande tilsettingsformer: Fast tilsetting og mellombels tilsetting. Det er følgjande typar av mellombels tilsetting:

  1. vikariat
  2. arbeid av forbigåande art
  3. arbeidsmarknadstiltak
  4. manglande kvalifikasjonar etter opplæringslova (formell utdanning)

Mellombels tilsetting:
Arbeidstakar som har vore samanhengande mellombels tilsett i meir enn tre år, skal normalt tilsettast i fast stilling. Jfr. Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv., § 14-9 om «Mellombels tilsetting».

Oppseiingsfrist
Som hovudregel gjeld ein gjensidig oppseiingsfrist på 3 månader. Jfr. § 3.2 i Fellesbestemmelsane iLandsoverenskomsten for utdanning .

Reglar ved oppseiing/avskjed
Arbeidsmiljølova, kap. 15, definerer kva krav som blir stilt i samband med oppseiing av personalet. Det er viktig å vere merksam på at dette både gjeld krav til sakleg grunn og til prosedyren knyta til oppseiing. Begge partar er forplikta på avtaleverket i slike situasjonar.

Tilsettingsbrev og arbeidsavtale

Tilsetting
Tilsettinger i folkehøgskolen skal skje ved vedtak i skolens styre. Jfr. Lov om folkehøgskoler § 2,f. Rektor har innstillingsmyndighet i tilsettingssaker, men skal, så tidlig som mulig, informere, drøfte og ta de berørte tillitsvalgte med på råd om prosedyrer for utlysninger og kunngjøring av stillinger, utvelgelse til, og intervju av aktuelle kandidater. Jfr. Hovedavtalen KS/Virke.

Tilsettingsbrev
Lov og avtaleverk (med unntak av tilsettinger i staten jfr. Tjenestemannloven § 5) stiller ingen krav til at det skal skrives tilsettingsbrev før tiltredelse i stilling. For de fylkeskommunale skolene er det utarbeidet retningslinjer fra Kommunenes Sentralforbund for den praksis som skal gjelde for fylkeskommunal virksomhet. Disse er tatt inn i KS`s personalhåndbok. (Pkt. 2.5) Praksis skal være at når styret har gjort vedtak om tilsetting så skal vedkommende få tilsendt et formeldt tilbud. Aksepteres tilbudet blir neste trinn utformingen av selve arbeidsavtalen og denne skal foreligge snarest mulig og senest en måned etter tiltredelse. (AML § 14-5) I tillegg skal avtalen fastsette tidspunkt for tiltredelse dersom dette ikke er fastsatt i annonse eller på annet måte. NF/NKF anbefaler at arbeidsavtalen legges ved når tilbudet gis, samt at den praksis som er beskrevet ovenfor legges til grunn i begge skoleslag.

Arbeidsavtale
Kravet til innhold i arbeidsavtalen er hjemlet i Arbeidsmiljøloven`s § 14-6.