Minneord Harry Wiig Andersen

5. oktober var livsløpet for Harry Wiig Andersen slutt, 88 år gammal. For mange av oss var det uventa. Vi har alltid levd med at Harry var og skulle vere i folkehøgskulen. Over mange tiår var han sentral i det som skjedde i den kristne folkehøgskulen. Vel var arbeidsplassen hans som rektor ved Nordhordland Folkehøgskule, men han var med på så mykje meir enn berre det.

Harry var ein som spreidde humør og glede der han var. «En av kirkens største glad-gutter» skreiv Vårt Land om han til 60-årsdagen hans. Og det var sant også for hans engasjement i folkehøgskulen. Han var stor både i eige fysisk format og i det han fekk utrette i folkehøgskulen og mange kristne organisasjonar. Han var ein organisasjonsmann. Samlande, talefør, uredd, drivande som leiar og såg alltid framover. Difor var det mange som sikra seg han som leiar og gav han stort rom.

Harry engasjerte seg tidleg i Noregs Kristelege Folkehøgskulelag (NKF) og vart  sentral i organisasjonen og folkehøgskulelandskapet. Han vart valt som leiar i tre periodar: 1976-81, 1983-86 og 1991-94, og som leiar stod han sentralt i dei store skulepolitiske sakene i denne perioden. Hans meiningar var viktige og fundamentert i opplevingar frå eigen skule som han dreiv godt med gode og stabile elevtal.

I folkehøgskulerørsla vart han også sentral i det skulepolitiske organet Folkehøgskulerådet og utviklinga av Økonomiutvalet. Harry var ein framifrå formidlar av idear og meiningar. Det var skjeldan å sjå Harry med manus. Han trong ikkje det. Han må ha hatt eit uvanleg godt minne og ein eigen evne til å formulere det sentrale i bodskapen.

Som aktiv politikar vart Harry ein viktig lobbyist for folkehøgskulen. Han var kjend i det politiske miljøet og brukte sine gode kontaktar til å sette folkehøgskulen på den politiske dagsorden. Han såg kor viktig det var med gode relasjonar til dei som avgjorde både  økonomiske rammevilkår for skulane og skuleslaget sin plass i utdanningssamfunnet.

Landsmøta i Noreg Kristelege Folkehøgskulelag var ein arena der Harry fekk utfolde seg og vart lagt merke til. Han meistra både å vere ordstyrar og festleiar. Begge deler gjorde han med presisjon og humor krydra med gode historier, for det hadde han mange av. Han leia jubileumsfesten for den kristne folkehøgskulen si 100-årsfeiringa i 1993 i Oslo Rådhus og tok mot H. M. Kong Harald som var æresgjest.

Harry var prega av uvanleg stor aktivitet og målretta arbeid for å oppnå resultat. Det fekk folkehøgskulerørsla stor nytte av, og mange har vorte inspirerte av den fargerike Harry sitt engasjement. Vi har mykje å takke Harry Wiig Andersen for.

Leon Haugsbø

(NKF)

Del på: